Lettbeinte 10-årsjenter frå Fitjar hadde ein god dag på handballbanen i dag. Foto: Kjetil Rydland.

Full fart i idrettshallen

I heile dag har unge jenter fylt idrettshallen vår med aktivitet; heile 11 kampar avvikla eldsjelene i handballgruppa til Fitjar Idrettslag før kvelden kom.

Det blei ein travel dag for Lisbeth Tufteland Nesbø og medhjelparane hennar i handballgruppa i dag. Dei fekk besøk av lag frå Stord, Kalandseid, Nore Neset og Kvinnherad, og det blei avvikla ni kampar i Aktivitetsserien for jenter 10 år.

Jentene frå Fitjar hadde ein god dag, og kunne jubla over mange mål og mykje godt spel.

Etter at aktivitetsserien var ferdig, fekk me sjå 13-årslaget til Fitjar kjempa ein tung kamp mot Stord. Heile 5-24 blei tapet, etter scoringar av Ingvild de Fine Olsen (2), Maria Korsvik, Svanhild Gjøen Vestbøstad og Lorentze Waage.

Kvelden blei avslutta med at Fitjar fekk vera vertskap for ein kamp mellom 16-årslaga til Stord og Os.


Med matchande flette. Foto: Kjetil Rydland.

 


Andrine og Arne Korsvik jublar etter siger over Nore Neset. Foto: Kjetil Rydland.

 


Hard kamp om ballen. Foto: Kjetil Rydland.

 


Dei harde skota til Fitjar-jentene enda litt for ofte mellom tverrliggjarane. Foto: Kjetil Rydland.

 


Keeper Oda Volden de Fine fekk ein strid tørn mot Stord. Foto: Kjetil Rydland.

 


Travel dag for blide handballdamer, Lisbeth Tufteland Nesbø t.v. og Miriam Almås. Foto: Kjetil Rydland.