Blant dei som nytta det sjeldne skiføret var Per og Sofie Bergesen, som me møtte i løypa ved Kidnavatnet i dag. Foto: Kjetil Rydland. 

Nytta skiføret i fjellet

Ein god del bilar på parkeringsplassen ved Olstjødno bar bod om at folk har fått med seg at det er skiføre i Fitjar denne helga.

 

Då me var der oppe rundt middag, møtte me både hundar, fotturistar og skiløparar i alle aldrar. 

Skiføret var som venta best på vegen frå Olstjødno til Svartavatnet. Her ligg det 10-15 cm snø, og det hadde vore plass til endå fleire skiløparar.

Me møtte Per Bergesen og unge Sofie på veg oppover, og i fin stil nedover kom Magne Skumsnes.

Alle var strålande fornøgde med føret, og begeistra over at det er blitt så enkelt å komma seg til fjells og nytta høvet til å gå på ski. 


Magne Skumsnes såg ut til å vera rimeleg fornøgd med skiføret. Foto: Kjetil Rydland.

 


Fitjarposten kjempar seg inn i vindmølleparken. Midtvatnet og Kidno i bakgrunnen. Foto: Privat.

Me oppmodar folk til å nytta høvet til ein skitur i morgon om vervarselet slår til. Men: Me minner om at bilvegen frå Rimbareidfeltet til Olstjødno er bratt og svingete, og kan vera skummel på vinterføre. Å aka på denne vegen er direkte farleg.