Foto: stordnytt.no

Skeisebanen på Vikahaugane opnar i morgon

 Stord kommunalteknikk melder at skeisebanen på Vikahaugane opnar sundag klokka 12.00.

Då har  skeisegruppa hatt si treningsøkt, og banen blir opna for alle.

– Isen skal vera av god kvalitet og vêrmeldinga for sundag gir god von om ypperlege skeisetilhøve. Berre å finna fram skeisene!, skriv Stordnytt.no.

Så om nokon fitjarbuar har hug til å prøve korleis dei kjem glattisen er det altså mogelegheiter for det –  eit par mil unna.