Strålande

Snøen kledde bygda i kvitt i natt, og for i morgon er meldingane for Fitjar både på yr.no og storm.no strålande, som ein ser på biletet frå pent.no ovanfor.

Som fitjarposten.no skreiv i går er det og godt med snø i fjellet, og alt ligg til rette for ein strålande søndag vêrmessig sett.

Ser ein ut frå kontorvindauga til Fitjarposten like fin og kvit ligg snøen no som tidlegare i dag. Det kan rett nok vere blindhålke somme plassar, så ein må fota seg med vit når ein er ute.

Så stabile som vermeldingane er for morgondagen skulle det elles lett la seg gjera å få med seg både Guds Ord og solskin i vakkert vinterver denne søndagen.

Fitjarposten ønskjer alle ei retteleg god helg.

Slik såg det ut frå kontoret til fitjarposten.no tidlegare i dag. Framleis er det like fint og kvitt. Foto: Håkon C. Hartvedt