Arve Rydland, Kristian Skumsnes og Pia Drønen mangla berre eitt poeng på å vinna. Foto: Kjetil Rydland.

God plass, men god stemning under kyrkjequizen

Folk gjekk ikkje mann av huse, men dei som kom, såg ut til å hyggja seg under tidenes første quiz i Fitjar kyrkje.

Om lag 30 quizinteresserte møtte opp i Fitjar kyrkje torsdag kveld for å vera med på den tillyste quizen, ein del av 150-årsjubileet for Fitjar kyrkje. Dei 25 som ikkje høyrde til komiteen, fordelte seg på fem ulike lag, som utkjempa ein relativt jamn kamp.

 


Denne gjengen frå Fitjar rådhus nådde ikkje heilt opp, sjølv om dei såg ut til å gjera så godt dei kunne. Foto: Kjetil Rydland.

Dei to quizmeistrane Magnar Kloster og Harald Johan Sandvik meistra rollene sine godt. Det same gjorde kyrkjetenar Birgitte Drønen Brenne, som styrte den uhøgtidelege samkoma med stø røyst.

I tillegg til ein tradisjonell bildequiz hadde dei samla spørsmål frå mange ulike kategoriar, blant anna Fitjar kyrkje, Bibelen, musikk og songtekstar, geografi og lett blanding.

Vanskegraden såg ut til å vera høveleg, og laga skifta på å ha leiinga undervegs. Til slutt var det laget «Kjøt og flesk» som stakk av med førstepremien, ein pose Bamsemums. 

Inngangspengane blei brukte til å kjøpa inn pizza til deltakarane, og matpausen såg ut til å vera eit populært innslag. Arrangementet gjekk relativt knirkefritt, sjølv om eitt og anna spørsmål hadde kokt vekk i kålen.

Eit anna lite ankepunkt er at dei burde nok gått gjennom dei korrekte svara på spørsmåla. Quizfolk liker å få fasiten medan alt er ferskt. Å leggja svara ut på heimesida til Fitjar kyrkje er vel og bra, men kven bryr seg når dei har kome heim.

Likevel såg dette ikkje ut til å ta humøret frå det modne publikummet, som sikkert kjem att om det blir ny quiz i kyrkja. 

 


Komiteen reknar saman og gjer seg klar til å offentleggjera resultatet. Foto: Kjetil Rydland.

 


Atle Tornes såg ut til å setja pris på pizzaen som Birgitte Brenne hadde fått frå Fitjar Fjordhotell. Foto: Kjetil Rydland.