Småbåthamna i Kuarvågen i dag. Foto: Kjetil Rydland. 

«Vidar» gav ikkje så høg flo som frykta

Ekstremvêret «Vidar» kom med høg flo på Fitjar torsdag føremiddag, men me har sett det verre.

Stormfloa som kom med «Vidar» gjekk over fleire kaiar i Fitjar, men vasstanden mangla nokre centimeter på det høgaste me har sett. Ein av dei som ikkje akkurat klaga over det, var namnebror hans hos Odd Larsen AS.


Sjøsio klokka 10.30 i dag. Foto: Kjetil Rydland.

 

Fleire forventningsfulle var ute med kamera på Fitjar, og fekk eit syn som dei ikkje møter kvar dag. I Koløyo var uvanleg mange ute og steig i ruskavêret, når me tenkjer på at det var ein vanleg torsdag føremiddag.

Vel halv elleve var nok floa på det høgaste. Då skylte sjøen over privatvegen i Kuarvågen. Men lokalkjende folk i Koløyo seier dei har sett sjøen iallfall 10-15 cm høgare.

Her kan du sjå nokre bilde som viser vasstanden på flo sjø torsdag føremiddag mellom klokka 10.30 og 11.00.

 


Ved Dahlebuo kl. 10.30.

 


Småbåthamna i Kuarvågen. 

 


Bilvegen i Kuarvågen. 

 


Då me kom til Gloppevågen, var floa på retur.