Jubileumsfeiringa til Fitjar kyrkje starta allereie før jul. Harald Johan Sandvik og Magnar Kloster t.v. stiller på quiz i kveld. Foto: Torbjørn Hovland.

Jubileum i Fitjar kyrkje

– Fitjar kyrkje sitt 150-årsjubileum er i gang, og me har mykje å sjå fram til i tida som kjem, m.a. quiz, mannskorkonsert og revy i kyrkja, skriv kyrkjeverje Harald Rydland. Les resten av pressemeldinga nedanfor:

 

Torsdag kveld, den 12. januar, skal det for første gong i historia vera quiz i Fitjar kyrkje. Kyrkjetenar Birgitte Drønen Brenne er praktisk tilretteleggjar, medan Magnar Kloster og Harald Johan Sandvik deler på oppgåva som quiz-master. Spørsmåla kjem frå mange ulike kategoriar, så her skal det verta spørsmål å bryna seg på for nokon kvar.

Ein kan komma til kyrkja med ferdig oppsett lag, men alle som stiller opp skal uansett få plass på eit godt lag. 

Det vil verta servert pizza, kaffi, saft og andre godsaker under arrangementet, mot ein liten inngangsbillett.

Me håpar mange vil finna vegen til kyrkje for ein triveleg kveld.

Neste jubileumsarrangement vert temakveld med Osternes Mannskor og deira dirigent Ole Christian Ottestad den 26. januar.  Då skal dei framføra ei rekkje fine folketonar som fitjarbuen Svein Tørnquist har kledd i nye arrangement. Det vil komma meir informasjon frå temakveldgruppa om arrangementet.

 
Den 9. februar kjem Ryfylke Livsgnist og spelar revyen «Luther med latter» i Fitjar kyrkje. Me kjem tilbake med meir informasjon om dette, men fram til dess kan de sjå meir om revyen på heimesida til Ryfylke Livsgnist