Frå meteorologane på twitter.

Varsel om ekstremt høgt vassnivå 

 Meteorologisk institutt melder om vassnivå 70-85 cm over tidevasstabellen på torsdag. – Den sterke vinden som kjem med ekstremverer «Vidar», vil først og fremst ramme Rogaland, seier meteorolog Frode Korneliussen til fitjarposten.no

Slik er meldinga for Vestlandet sør for Stad: 

«Torsdag er det ventet ekstremt høy vannstand ved flo om formiddagen. Vannstanden er ventet å være 70-85 cm over verdiene oppgitt i tidevannstabellen. 

Estimert returverdi for denne vannstanden er rundt 20 år. Mer informasjon om tidevann og vannstand finnes på sehavnivå.no  

Beskrivelse av værsituasjonen: 

Et lavtrykk 963 hPa ligger i dag, onsdag, øst for Island. Dette lavtrykket går etter hvert sørøstover og er ventet utenfor kysten av Møre og Romsdal torsdag formiddag.»

I skrivande stunderet  melder Nrk om at ekstremveret Vidar allereie har nådd Rogaland. 

– Aukande vind vert det nok på Fitjar òg, men det er Rogaland som får det meste av dette, seier Korneliussen.

Frå Skålevik, ein tidlegare dag med høg flo. Foto: FP-arkiv/HCH