Ole Bergesen i aksjon under MX Cup i idrettshallen. Arkivfoto FP / Kjetil Rydland.

Fitjar IL søkjer ny dagleg leiar

Ole Bergesen har valt å konsentrera seg 100 % om Fitjar kultur- og Idrettsbygg, og Fitjar Idrettslag søkjer etter ny dagleg leiar i heil stilling.

– Eg såg  for meg at eg kunne kombinera dei to stillingane, og Fitjar Idrettslag var på ingen måte eit nytt arbeidsfelt for meg, seier Ole Bergesen. Men arbeidsomfanget har auka, og dei to jobbane samla er for mykje til å få gjort ein skikkeleg jobb.

Ole Bergesen vil konsentrera seg om den eine jobben. Han ser det som naturleg at det blir jobben som dagleg leiar for Fitjar kultur- og idrettsbygg. Det er denne han ser på som «moderjobben», etter mange år i stillinga.

 

Fitjar IL søkjer dagleg leiar i 100 % stilling

Derfor har Fitjar Idrettslag lyst ut 100 prosent stilling som dagleg leiar. Den første som hadde denne stillinga, var Geirmund Aga, som begynte våren 2012. Leiar i Fitjar IL, Simen Aarskog, minner om at han hadde full stilling, og etter kvart har det kome fleire krav, til dømes til elektroniske medlemsregister. I tillegg ønskjer han at den daglege leiaren skal få betre tid til å følgja opp treningssenteret som Fitjar IL driv.

Søknadsfristen er 14. januar, og responsen har vore god, seier Simen Aarskog. Han reknar med å få landa ein kandidat i løpet av ein månad eller to.

 

Tett samarbeid mellom FKIB og idrettslaget

Bergesen reknar likevel med at FKIB kjem til å jobba tett i lag med Fitjar Idrettslag i framtida òg. Den nye daglege leiaren i idrettslaget skal ha sitt sete på FKIB.

– Det er ikkje med lett hjarte eg slepper Fitjar IL, seier Bergesen, det har vore interessant å jobba med kjekke og flinke folk i idrettslaget. Det blir gjort mykje frivillig arbeid i eit lag som har bortimot 800 medlemmer.

Ole Bergesen fortel at han ikkje har hatt nok tid til å konsentrera seg om alle prosjekta han vil arbeida med på FKIB. Han har fleire planar om arrangement med lokal tilknyting.
– Ein må skapa noko for å få hjula til å gå rundt, seier  han.

 

Bergesen ikkje tapt for idrettslaget

Etter ein mannsalder med arbeid for Fitjar Idrettslag, vil ikkje Ole Bergensen gi seg med alle prosjekta til laget. Eitt av dei han vil halda fram med, er den store innandørscupen som han har stått i bresjen for sidan idrettshallen i FKIB var ny, i 2001. Første gongen var dette ein samarbeidsprosjekt mellom Fitjar Fjordhotell, Fitjar Idrettslag og Fitjar kultur- og idrettsbygg.

Dette er no eit samarbeidsprosjekt mellom fotballgruppa i idrettslaget og FKIB. I år får denne cupen namnet MX Hummel Cup, etter den nye utstyrsleverandøren til Fitjar Idrettslag.

Nedanfor kan du lesa kva underteikna skreiv på heimesida til Fitjar kultur- og idrettbygg om den første innandørscupen, som blei avvikla i februar 2001:

 

Fitjarcupen 2001 – ein suksess!

«Den første innandørs fotballturneringa i Fitjar blei ein suksess, både for spelarar, arrangør og publikum. Over 400 personar var i sving i hallen under turneringa, men arrangementet gjekk 100 % etter planen. Kampane blei avvikla i tur og orden utan forseinkingar, og eit talrikt publikum på tribunen skapte topp stemning. Ordførar Agnar Aarskog var med og sette ein ekstra spiss på arrangementet, først som keeper på FC Kommunestyre, og seinare under utdelinga av medaljar.

I finalen i open klasse vann «Aristokratane» frå Fitjar over Havn 4-3 på straffe. Med på vinnarlaget var Andrzei Rutkowski, Ketil Fykse, Asbjørn Vik, Karsten Vestbøstad, Geir M. Indregård, Gisle Vestbøstad, Geir Bjarte Hatlevik og Magne Siglen, altså mange kjende fotballnamn. Også damefinalen blei avgjort på straffe; 2-1 vann Njardar/Tysnes D2 over Leirvik Ballklubb D1. På vinnarlaget var Ingrid Våge, Ingunn Lillesletten, Annette Heldal, Hanna Iversen, Kirsti Sundal og Elin Flatråker.I finalen for menn elite møttest Fitjar 1 og «Elleville Kjølebørre, Harald» frå Bømlo. Det viste seg at dei hyggelege bømlingane med det elleville namnet blei for sterke for Fitjar-gutane, og vann 2-0. På vinnarlaget spela Magnar Nordtun, Ole Andreas Engseth, Kristoffer Sønstabø, Pål Steinsbø, Ståle Nøstbakken, Henning Johannesen og Espen Mæland.

Me gratulerer klassevinnarane og alle dei andre deltakarane med innsatsen, og håper alle har lyst komma igjen. Me er svært glade for at arrangementet blei så vellykka, både sportsleg og økonomisk, og det er allereie klart at det blir ny turnering til neste år. Velkommen tilbake i februar 2002!»


Dette årgangsbiletet er frå MX-cupen i 2002 og viser Aristokratane, som vann sølv i open klasse. Arkivfoto FP / Kjetil Rydland.