Jubileringsmarkeringa utsett

Den tillyste jubileringsmarkeringa hos Fitjar Mek som skulle finne stad på onsdag, er utsett til 1. februar.

Årsaka er dårlege vêrmeldingar og feil vindretning.

Men 1. februar kan du ta turen til Sveiseneset, og få del i programmet som er sett opp frå klokka 18.00 til 19.30.

– Me byggjer for framtida», så me håpar å sjå ekstra mange ungar, skriv Gro Hatlevik i FMV. Programmet vert som tidlegare oppsett:

 • Servering av kaffi, kakao og kake

• Pølser og saft

• Demonstrasjon av Karlsvogna

• Framsyning av truckar og kranbil

 

Dei vil òg lyse opp himmelen med eit skikkelig fyrverkeri!

Fitjarbuarar i alle aldrar er hjartelig velkomne !