Betre mobildekning

Nokre område i Fitjar har framleis dårleg mobiltelefonidekning, både utandørs og innandørs. Ny teknologi frå mobiltelefonileverandørane kan gje deg betre dekning. Det skriv Fitjar kommune på nettsida si.

Vidare heiter det:

–Dei to store mobiltelefonileverandørane Telenor og Telia, har begge kome med ny teknologi som gjer det mogleg å bruka 4G-nettet til taleanrop. Det same har fleire av dei mindre leverandørane. Har du ein nyare telefon kan dette enkelt gje betre dekning. Du må sjølv aktivera tenesta i mobiltelefonen.

 Les meir om:

– Telenor 4G-tale

 – Telia 4G-tale

 Telenor har i tillegg lansert WiFi Tale, ei teneste som gjer at du kan sende og motta taleanrop via det trådlause nettet du har heime.

 Les meir om:

 – Telenor WiFi tale