Ilustrasjon. Skjermdump frå innsida av nettbutikken.

Bra start for nettbutikken

Fitjarposten sin nettbutikk ser ut til å bli ein suksess.

Me var litt spente på om dette ville vere noko folk ville respondere postivt på. Tanken er jo at dette skal vere ei teneste for fitjarbuar og andre som bur utanfor Fitjar. Dei som bur her kan jo kjøpe bøkene hos Theo. 

Slik har det og blitt. Utanbygds fitjarbuar, og andre med, har allereie begynt å tinge bøker, og det ser ut som at det heile fungerer bra.

Så langt sender me faktura med bøkene. På sikt vil me få til ei ordning der ein kan betale direkte på nettet.

Nettbutikken kjen du inn på ved å trykkje på nettbutikk rett over hovudsaka på nettsida.