Vel 60 skulemusikantar øver i Kultursalen laurdag ettermiddag. Foto: Kjetil Rydland.

Skulemusikantar lagar godlyd i Kultursalen

Godlyden kjem frå 70 skulemusikantar som øver saman til ein konsert i morgon; elevane frå Fitjar og Førre har øvingshelg og overnattar på Rimbareid skule i natt.

Svein Roger Koppang er dirigent for begge korpsa

Dei to skulekorpsa høyrer begge til i 1. divisjon, og dirigent for begge er Svein Roger Koppang. Han har vore eit kjent og kjært ansikt i det lokale musikklivet vårt i mange år, som dirigent for Fitjar Skulekorps. I haust tok han òg over som dirigent for Førre Musikkorps, som høyrer til i Tysvær, vel ein halvtime utanfor Haugesund.

Ville øva med Fitjar Skulekorps

I fjor innleidde Fitjar Skulekorps «vårsesongen» med ei liknade øvingshelg Uskedalen. Denne gongen hadde dei nye kompisane til Svein Roger Koppang lyst å komma til Fitjar for å øva saman med Fitjar-korpset.

Fredag ettermiddag kom 30 skulemusikantar frå Førre skole til Fitjar. Første kvelden øvde dei to korpsa kvar for seg, med Ragnhild Prestbø og Svein Roger Koppang. I dag har fitjarbuar og gjester øvd i mange timar i lag. Dei yngste, frå 2. klasse til og med niande, spelte først under taktstokken til Ragnhild Prestbø, medan dei store hadde Svein Roger til dirigent.

Øver til vårkonsert

I ettermiddag spelte alle dei 70 skulemusikantane i lag, under taktstokken til Svein Roger Koppang. På programmet stod låtar som Fitjar Skulekorps skal framføra på vårkonserten 18. februar. Me fekk høyra «»Feeling good», «Two ceremonial fanfares» og «Funk it up». 

Fokus på det sosiale

Hovudfokuset denne helga er å knyta venskapsband, etter det me forstår på prosjektleiinga. Alle dei 70 musikantane, både dei frå Førre og dei frå Fitjar, skal overnatta i klasserom på Rimbareid skule i natt. Kitty Træet og Kari Konglevoll Prestbø har hovudansvaret for å organisera heile øvingshelga, og dei har planlagt mykje «tull og tøys» til glede for unge og vaksne i kveld.

 

Konsert søndag

Sjølv om det blir lagt mest vekt på det sosiale denne helga, minner dirigent Svein Roger Koppang om at korpsa held høgt nivå. Og dei som vil høyra det musikalske utbytet, kan møta i Kultursalen i morgon. Sjå heimesida til Fitjar Skulekorps eller Facebook-sida deira for meir informasjon.


Kitty Træet og Kari Konglevoll Prestbø har hovudansvaret for å organisera øvingshelga, og her planlegg dei sosiale aktivitetar for deltakarane som skal overnatta på Rimbareid skule i kveld. Foto: Kjetil Rydland.