Annbjørg Raunholm har ikkje tenkt å fly Emirates, så du må gjerne komma og henta trøya di. Foto: Kjetil Rydland.

Har du gløymt tøyet ditt?

På Fitjar kultur- og idrettsbygg fortvilar reinhaldar Annbjørg Raunholm over mykje fint idrettstøy som hopar seg opp.

 

Mykje fint idrettsutstyr i alle fasongar og storleikar blir lagt igjen på Fitjar kultur- og idrettsbygg. Berre sidan skulane begynte i august, har det hopa seg opp fleire kassar med nærmast ubrukt tøy, sko og flasker.


Store mengder gløymt tøy har hopa seg opp berre sidan august. Foto: Kjetil Rydland.

Reinhaldar Annbjørg Raunholm tek vare på utstyret inne på vaskerommet. Om nokon vil ha tak i det dei har lagt igjen, kan dei kontakta henne. Eller dei kan ta kontakt med vakta på ettermiddagen, så kan dei får hjelp til å komma inn og henta utstyret sitt.

Dei som trur dei har noko liggjande, bør komma innom snarast. I slutten av januar blir alt levert til Fretex, så no hastar det med å melda seg. Reinhaldaren fortel at ho leverer tøy til Fretex tre gonger i året, i januar, til påske og til sommarferien.

Me bringar vidare oppfordringa – kom innom og sjå det er du som har gløymt tøyet ditt!

 


Denne veska er altfor fin til å bi liggjande på FKIB. Foto: Kjetil Rydland.