Ellinor Bergesen og Silje Torbjørnsen ønskjer kontakt med Fitjarkompisar. Foto: Kjetil Rydland.

Er du ein Fitjarkompis?

Saman med biblioteket etterlyser Fitjar Frivilligsentral kvinner og menn som har lyst til å bli Fitjarkompis.

Fitjarkompis er eit integrerings- og inkluderingsprosjekt der deltakarane inngår gjensidig, kortsiktig avtale om å møtast seks gonger i løpet av tre månader.

I dag orienterte biblioteksjef Silje Torbjørnsen og Ellinor Bergesen ved Frivilligsentralen norskelevane på vaksenopplæringa om prosjektet, som dei vonar mange vil vera med på.

Frivilligsentralen vil saman med biblioteket og kommunen gjera jobben som koordinatorar og kopla kompisar basert på mellom anna interesser, yrkeserfaring, språkkunnskapar og personlege eigenskapar. 

I først runde, som startar 19. januar, er det planen å danna ti kompispar, så no ønskjer dei kontakt med ti fitjarbuar med norsk bakgrunn og til fitjarbuar  med innvandrarbakgrunn. Dei 20 deltakarane er saman på det første og det siste møtet.

Desse møta er på biblioteket. På det første møtet blir kompisane presenterte for kvarandre, og allereie då blir neste møte planlagt. Dei som ønskjer det, får hjelp til å komma i gang.  

Den som ønskjer å bli kompis, må vera med på opningssamlinga 19. januar og kompisfesten ved slutten av prosjektet, 20. april. I løpet av denne perioden på tre månader skal du møta kompisen din fire gonger i tillegg. Kompisane har ansvaret for to møte kvar.  

– Fitjarkompis er eit «vinn-vinn»-prosjekt som gir alle deltakarane høve til å læra noko nytt om kultur, språk, likskap og skilnad, seier dei to initiativtakarane, som trur personlege møte er viktig for lokalsamfunnet; alle tener på gode nettverk.

– Me håpar dette er noko for deg, seier Silje og Ellinor til slutt, me høyrer gjerne frå deg på epost eller telefon, spesielt dersom du er mann.

Du kan òg ta kontakt ved å besøkja Fitjar folkebibliotek eller Frivilligsentralen; begge er å finna i Fitjar kultur- og idrettsbygg. 

 

Nærmare opplysningar finn du på heimesida frivillig.no