Eldkula frå meteorsvermen Leonidene i 2009. Foto: Navicore/Wikipedia.

Kosmisk nyttårsfyrverkeri!

Om ikkje skyene øydelegg utsikta, kan det bli mykje flott å sjå på kveldshimmelen den første veka i det nye året.

 

Det nye året startar med ei vakker samstilling av planetar og stjerneskot frå meteorsvermen Kvadrantidene. Det er science fiction-forfattar og kunnskapsformidlar Anne Mette Sannes og astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard som skriv dette i ei pressemelding.

 

 
Anne Mette Sannes og astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard studerer nattehimmelen. Foto: Privat.

 

Vakker samstilling

– Dei siste dagene har mange lagt merke til iaugefallande objekt på kveldshimmelen, og denne veka vil vi få flotte samstillingar. Spesielt i kveld måndag kan vi få oppleva ei svært flott samstilling når både nymånen, Mars, Neptun og Venus står uvanleg tett saman på kveldshimmelen. Og tysdag brakar det laus med kraftige stjerneskot frå meteorsvermen Kvadrantidene!

– I kveld får vi oppleva ei verkeleg flott, vakker og iaugefallende samstilling når planetane Venus, Mars og Neptun plasserer seg rundt ein tynn nymånesigd. Venus er for tida svært lyssterk og blir berre overgått av Månen, medan Mars er ein tydeleg raud og stjerneliknande prikk. Neptun er den ytste planeten i Solsystemet, og trass i ein avstand på heile 4,55 milliardar kilometer treng vi, som ei følgje av samstillinga, berre ein liten turkikkert for å få auga på den! Også dei komande dagane vil samstillinga vera svært vakker, medan Månen rører seg mellom planetene.

Samstillinga kan du lesa meir om på denne nettsida: http://www.astroevents.no/samstilling020117.html . Saka blir oppdatert dag for dag.

 


Iskalde Neptun er blåare enn vår eigen jordklode. Planeten blei fotografert på nært hald av romsonden Voyager 2 i 1989. Foto: NASA.

 

Kosmisk nyttårsfyrverkeri!

Tysdag ettermiddag og kveld får vi ein av dei kraftigaste, men også mest kortvarige, meteorsvermane i år. Dei såkalla Kvadrantidene varierer i styrke frå år til år, men enkelte år opplever vi 100 stjerneskot i timen. Nokre av desse er temmeleg kraftige og kan også forårsaka eldkuler! I år treffer maksimum tysdag ettermiddag og kveld norsk tid. Dette flotte fenomenet er det verdt å få med seg, neste større meteorsverm i Noreg er ikkje før i august!

Les mer om meteorsvermen nedenfor og på http://www.astroevents.no/kvadrantidene17.html

Kvadrantidene har fått namnet sitt ved at stjerneskota ser ut til å strøyme ut fra eit punkt på himmelen som ligg i det tidligare stjernebiletet Quadrans Muralis. Etter moderne inndeling av himmelen i stjernebilete ligg dette punktet mellom den ytste stjerna i hanken på Karlsvogna (Alkaid) og stjernebiletet Herkules.

  

Hva kjem Kvadrantide-svermen av?

Meteorane i Kvadrantidene skuldast støvkorn som kjem inn i atmosfæren med ein fart på 148 000 km/t (41 km/s) og som brenn opp på grunn av luftmotstanden. Vanlegvis stammar støvkorna i slike svermar frå kometar som etterlet støvhalar på si ferd gjennom Solsystemet.  

Meir om himmel- og romfartshendingar i 2017 og ei oversikt over dei epokegjerande oppdagingane som ble gjort i 2016, finst på http://www.astroevents.no/2016_2017.html

 

Dårleg vêrvarsel

Vêrvarselet er ikkje det aller beste for ivrige stjernekikkarar dei første dagane. Det er meldt byevêr, så det gjeld å følgja godt med, om det skulle by seg ei opning i skyene mellom byene.