Med ein solid sluttspurt på 3000 meter sikrar Sonja Fitjar Waage seg idrettsmerket før året 2016 ebbar ut. Foto: Kjetil Rydland. 

Over 50 idrettsmerke

Tala på idrettsmerke i Fitjar er gode for 2016, sjølv om dei var endå betre for nokre år sidan.

Fitjar var i fleire år heilt i eliten med omsyn til idrettsmerke i forhold innbyggjartalet, og Fitjar Idrettslag hausta velfortent heider for arbeidet sitt.

Resultata dei siste åra har ikkje våre fullt så imponerande, men 54 idrettmerke totalt er eit flott tal.

Det var 19 kvinner og 35 menn som gjennomførte og fekk godkjent alle prøvane til idrettsmerket i Fitjar i fjor.

Desse tala, og namn på merketakarane, finn du på nettsida til Fitjar Idrettslag.

Her finn du og vedlegget «Adelsmerket2013», som viser alle som er registrert med godkjende merkeprøvar i Fitjar mellom 2002 og 2013.

Øyvind Skålevik i Fitjar Idrettslag tek eit lite atterhald om at det kan dukka opp endå litt fleire idrettmerke, når dei endelege tala frå krinsane tikkar inn.