Håkon C. Hartvedt med ein del av utvalet i bokhandelen på nettet. Foto: Kjetil Rydland
.

Fitjarposten opnar nettbutikk

No kan du kjøpa bøkene til Fitjarposten på Internett, etter at me i dag opna nettbutikk.

Fitjarposten har laga ein god del bøker, som alle har vore til sals hos Thea Træet.

– Me opplever at fitjarfolk som bur utanfor bygda, også har interesse for desse bøkene, seier redaktør Håkon C. Hartvedt.

Fitjarposten har fått bestillingar frå folk utanbygds, og no vil Hartvedt gjera desse bøkene lettare tilgjengelege.

Derfor vil folk no få høve til å kjøpa desse bøkene direkte på nettsida vår.

Blant bøkene i nettbutikken finn me dei to bøkene til Håkon C. Hartvedt frå i fjor, Den aller siste distriktslegen, om Tore Eikeland, og andaktsboka Daglig påfyll for sjelen.

Nettbutikken finn du rett over hovudsaka på Fitjarposten, trykk på linken og du kjem rett inn i butikken vår.

 


Skjermdumpen av Fitjarposten viser kor du finn nettbutikken, rett over hovudsaka på nettavisa vår. Bruken av butikken er sjølvforklarande.