Jorunn Hernes liker å senda pakkar til heile verda. Foto: Kjetil Rydland.

Ny giv med ny design for Jorunn Hernes

Såpekokar Jorunn Hernes har starta opp att med ny design, ny medarbeidar, og færre produkt. Og omsetnaden i haust har vore over all forventning.

Dagen før nyårsaftan driv Jorunn Hernes vareoppteljing i den nyopna butikken sin.  Samstundes sender ho pakkar som er bestilte over Internett. I dag går det pakkar til Noreg, Sverige og England.

Sender til kundar over heile verda

Ho er van med å senda produkta sine langt av stad, over heile verda. Rett før jul gjekk ein pakke til Mumbai i India, og ho har kundar både i Australia, Israel og Japan. 

– Det er gøy å senda til mange land, seier ho.

Omsetning over all forventning

Då ho starta opp att 4. oktober, hadde ho vore borte frå markanden i over to år, sidan juni 2014. På desse tre månadene i haust har ho hatt ein omsetnad på ein halv million, noko som er over all forventning.

– Me er oppmuntra over den gode starten! seier ho entusiastisk. No er ho ikkje heilt åleine om drifta; ho har med seg  Mónica Sánchez, designar  frå Colombia. Det var sistnemnde som oppmuntra  Jorunn til å starta opp att verksemda.

Jorunn Hernes hadde drive såpekokeriet med suksess i mange år då ho la ned i 2014. Då blei krava frå EU til registrering av produkta for strenge.

Internettbutikken til Såpekokeriet voks av seg sjølv, seier ho, det er det dei kallar «organisk vekst». Ein suksessfaktor var sjølvsagt gode produkt. Ho dreiv ikkje mykje marknadsføring, seier ho.

God kontroll på økonomien

Men når det gjeld økonomi er den lokale såpekokaren vår nøye. Ho set opp skikkelege kalkylar  i Excel før ho set i gang med produksjon. Og ho produserer berre det som løner seg. Ho driv ein arbeidsintensiv produksjon, slik at ein stor del av prisen på eit produkt er arbeidspengar.

– Produkta er handlaga på Fitjar med kjærleik, seier ho. Men dersom det for mykje tid, kuttar ho ut produktet eller set opp prisen. Til produksjonen høyrer manuelle operasjonar som å smelta, røra, korka, setja på etikettar, bretta øskjer og leggja produkta oppi øskjene.

– Det er ikkje lettente pengar, understrekar ho.

Kraftig reduksjon i vareutvalet

Ho fortel at ho har mykje det same innhaldet i sortimentet sitt som ho hadde før ho slutta av. Men talet på produkt har ho skore drastisk ned, frå ca. 130 til 21 i skrivande stund. Med så få produkt å registrera blir forholdet til EU-byråkratiet noko meir overkommeleg, seier ho. I tillegg har ho spissa vareutvalet mot barberprodukt, og gjort verksemda om til ein godtebutikk for mannfolk! Ho har rett nok enkelte dameprodukt, som ho sel lokalt, men på Internett har ho berre manneprodukt. Etter kvart kan det nok bli enkelte dameprodukt å få på Internett òg, trur ho. 

Ny design og merkevare

– Om produkta er om lag som før, er designen blitt fjongare! smiler Jorunn stolt. Emballasjen er ny, og merkevara Fitjar Island like eins.

Ho understrekar at ho har fått verdifull støtte frå Innovasjon Norge til internasjonalisering då ho starta opp att. Den støtta har gått til å engasjera det anerkjente designbyrået Anti.

Lokale namn frå Fitjar

Då ho starta opp att, valde ho ut dei produkta som hadde gjort at nettbutikken til  såpekokeriet tok av i si tid. Derfor satsar ho nesten alt på barberkrem, barbersåpe, fuktighetskrem og kjakesmurning, med berre fire ulike dufter.  Slåtterøy, Havn, Folgefonn og Fjellheim er klangfulle, lokale namn på godluktene ho byr kundane sine. 

Ho vonar å ha ein ny fuktighetskrem utan duft klar snart, og ei ny dameduft er på trappene. Den nye skjeggstubbmjuknaren, som du skal bruka før du barberer deg, er alt komen med i sortimentet. 

Det kan altså sjå ut til at ekte mannfolk har mykje å henta i såpehyllene til Fitjar Islands i året som kjem. 

 


Slåtterøy er eit av produkta Fitjar Islands satsar på. Foto: Kjetil Rydland.