Slik kan det sjå ut på Fitjar i morgon, om vêrvarselet slår til. Arkivfoto FP / Kjetil Rydland.

Nytt obs-varsel

Meteorologane melder om ei svært våt avslutning på året, før vêret lettar nyårsdag 2017. 

Uvêret «Urd» har knapt gitt seg før meteorologane er ute med eit nytt obs-varsel, denne gongen gjeld det store nedbørsmengder. Det kan komma nærmare 100 mm – 10 centimeter – regn i morgon, om me skal tru vêrvarselet på www.yr.no

Her finn me følgjande OBS-varsel for Hordaland og Sogn og Fjordane: Fra sent i ettermiddag eller i kveld torsdag ventes lokalt store nedbørmengder, først i nord, 60-100 mm på 24 timer.

Heile nyttårshelga blir våt, men i starten på 2017 får me sol, kulde og litt snø. Vêrmeldinga frå både Yr og Storm finn me på www.pent.no.

Meteorologane er samde om at det blir mildt og vått fram til ein gong på nyårsafta. Men søndag, 1. nyårsdag, er det meldt 1-4 plussgrader og sol på føremiddagen. Måndag blir det lettskya, sol og eit par minusgrader, før det kjem litt snø om ettermiddagen.

Tysdag blir det mildvêr, melder både Yr og Storm, men allereie neste helg, kan det bli ny vinterstemning, om meteorologane får rett.