Spenning på tribunen under ein av dei mange straffesparkkonkurransane. Foto: Kjetil Rydland.

Romjulscup med jamne kampar

Det blei vist mykje god fotball i jamne kampar under romjulscupen som Fitjar Idrettslag skipa til i går kveld.

Grunnen til at kampane var jamne, var den spesielle måten laga blei sette opp denne gongen. Interesserte spelarar melde seg på enkeltvis, og så blei dei plasserte på dei ulike laga etter trekning. Her blei spelarane seeda, for å få jamne lag. Ikkje alle let seg freista av denne måten å gjera det på, og fleire fotballspelarar blei ikkje med. Men resultatet såg ut til å bli svært vellukka. Det stort sett berre jamne kampar, på eit relativt høgt sportsleg nivå.

 


Keeper Jøran Aleksandersen i målet til Eggøyo klarer ikkje å hindra Brandasund i å scora. Foto: Kjetil Rydland.

 

Dei 61 påmelde spelarane fekk plass på fem herrelag og fire damelag, som alle fekk lokale namn frå Fitjarøyane. Dramatikken starta ikkje før me kom til semilfinalane, og her blei det mange uavgjorte resultat, slik at laga måtte gjennom nerveslitande straffekonkurransar. I dameklassen blei det finale mellom Matløyso og Gråmulen. Her blei det 2-0 i ordinær tid etter at Tone Brakedal og Gro Hatlevik hadde scora eitt mål kvar. I herreklassen vann Fodno heile 3-0 over Brandasund, etter eit knallhardt skot frå Helge Træet, og to mål av Morten Korsvik. 

Som vanleg når Fitjar Idrettslag skipar til fotballcup, gjekk arrangementet knirkefritt. Alle kampane blei avvikla nesten heit etter oppsett klokkeslett, og i 22-tida i går kveld var to verdige vinnarlag kåra. Arrangementskomiteen med Rune Brakedal, Åsmund Sørfonn og Geir Bjarte Hatlevik skal ha all ære av innsatsen. Det same skal dei unge hjelparane Sondre Fitjar og Emil Sørfonn. 

Rune Brakedal i romjulskomiteen reknar med å utvikla konseptet litt meir før neste års cup, og då vonar han på minst 100 deltakarar.

 


Rune Brakedal i arrengementskomiteen fekk god hjelp av Sondre Fitjar og Emil Sørfonn. Foto: Kjetil Rydland.

 


Glade vinnarar i herreklassen, bak f.v. Svein Arne J. Raunholm, André Lønning, Åsmund Sørfonn, Helge Træet, Daniel Skarpnes. Framme Morten Korsvik og Christian Helland. Foto: Kjetil Rydland.

 


Åsmund Sørfonn hadde ein travel kveld, som arrangør og som keeper for vinnarlaget Fodno. Foto: Kjetil Rydland.

 


Trass i godt keeperspel av Ida S. Fitjar nådde ikkje Svelto finalen. Foto: Kjetil Rydland.

 


Smilande damer frå Matløyso, f.v. Gro Hatlevik, Maria Mjønes, Martine Stokken, Rebekka Tverborgvik, Tone Brakedal og Line Westvik. Foto: Kjetil Rydland.