Publikum sette pris på Neserevyen i sommar. Foto: Kjetil Rydland.

Neserevyen i Kultursalen

Neserevyen blir vist i Kultursalen i morgon kveld, torsdag, melder John Arvid Skumsnes.

Dermed kan dei som ikkje fekk med seg Neserevyen – The Movie i sommar få sjå den fantastiske framsyninga.

– Me viser filmen Neserevyen – The movie i kinosalen på Fitjar kultur- og idrettsbygg torsdag i romjula, 29. desember kl. 19.00, skriv John Arvid Skumsnes, som held fram:

– Her har du sjansen å få sett filmen om du gjekk glipp av den i august, eller om du er såpass fan at du vil sjå den ein gong til, her er ein unik mulighet! 

Prisen vert 100 per person og billett kjøper du i døra. Vel møtt!

Sjå elles Facebook-sida til Neserevyen