Slik ligg juletreet i dag. Foto: Kjetil Rydland.

Stormen velta juletreet

Julegrana i Fitjar sentrum knakk «ved rota» og velta i den sterke stormen i går.

 

Blant dei mange trea som ikkje greidde å stå seg mot «Urd», var juletreet i Fitjar sentrum.

Det knakk i festet under kummaloket, og no ligg det med sløkte lys på plenen framfor rådhuset.

 


Her knakk juletreet tvert av. Foto: Kjetil Rydland.

 

Elles har me ikkje sett så store øydeleggingar etter uvêret, bortsett frå ei og anna rotvelta gran og furu.

Oppe i bygdo har vinden flytta eit stort tak av bølgjeblekk som blei brukt til å dekkja over vinterveden.

Heldigvis kom ein god nabo forbi og dekte til veden med ein presenning, elles hadde han nok blitt gjennomblaut til eigaren kjem heim att over nyår.

 


Eit stort flak med bølgjeblekk hadde stormen snudd opp ned og flytta fleire meter. Foto: Kjetil Rydland.