E134 over Haukeli er stengt i dag. 

Kontaktpersonar i Statens vegvesen under «Urd»

Frå Bjørn Egil Gilje i Statens Vegvesen har me fått ei pressemelding med kontaktpersonar i Statens vegvesen under ekstremvêret «Urd». Sjå pressemeldinga nedanfor.

Dette er kontaktpersonar i States vegvesen Region vest.

Følgjande kan ringast i samband med uvêret:

  • Vegtrafikksentralen Vest, tlf: 55 54 72 45
  • Byggherrevakt i Sogn, Rune Dvergsdal, tlf: 951 91 847
  • Byggherrevakt i Fjordane, Lars Erik Karlsen, tlf: 951 91 827
  • Byggherrevakt i Hordaland, Åge Fanebust, tlf: 995 19 887
  • Byggherrevakt i Nord-Rogaland, Ove Hausvik, tlf: 473 51 740
  • Byggherrevakt i Sør-Rogaland, Eivind Stangeland, tlf: 918 89 149

Ekstremvêret «Urd» er på veg med svært kraftig vind og store mengder nedbør. Dei fleste fjellovergangane mellom aust og vest er stengt.

For Statens vegvesen er det viktig at folk reise trygt på vegane våre. Difor ynskjer vi minst mogleg trafikk når uvêret «Urd» står på.

Dei som av ein eller annan grunn må ut og køyre: Hugs å sjekke yr.no og vegmeldingane før du reiser. Er det kolonnekøyring kan det lønne seg å velje ein annan veg. 

Fleire ferjesamband er innstilt på grunn av vêret. Andre samband og bruer kan bli stengt på kort varsel. Følg med på trafikkmeldingane.

 

Med helsing

Bjørn Egil Gilje

Kommunikasjonsstab

Statens vegvesen Region vest, Askedalen 4, 6863 LEIKANGER