Lite trafikk i Sandvikvåg i kveld. Foto: Kjetil Rydland.

Ferjene er innstilte

På grunn av uvêret «Urd» er ferjesambandet Halhjem-Sandvikvåg er innstilt.

Siste ferja frå Sandvikvåg gjekk kl. 15.15, står det å lesa på nettsida til Fjord1.

Også sambandet Husavåg-Sandvikvåg er innstilt inntil vidare. 

Me kjem tilbake med info om når ferjene startar opp att.