Pass opp for «Urd»

– Meteorologisk institutt melder om at ekstremvêret Urd er på veg, og treffer Vestlandet sør for Stad måndag ettermiddag. Fitjar kommune har førebudd beredskapen og følgjer situasjonen. Det skriv Fitjar kommune på sine nettsider.

Her er varselet:

«Mandag ettermiddag økning til vestlig full og periodevis sterk storm med vindkast på 35-45 m/s innover land, tidlig på kvelden dreiende nordvest, minkende sent om kvelden. Det ventes også høye bølger langs kysten. Signifikant bølgehøyde er ventet å være mellom 13 og 15 m, med maksimal bølgehøyde opp mot 25 m.

Mellom Lindesnes og Stad ventes høy vannstand mandag ettermiddag og kveld. Sent mandag ettermiddag og tidlig kveld ventes vannstanden her å være 75-90 cm over verdiene oppgitt i tidevannstabellen.»

– – –

Fitjar kraftlag seier følgjande på sine nettsider:

Det er varsla at det kan verta ekstremver i romjula. Me vil difor minna om følgjande:

– Leidningar som har ramla ned på må ikkje berørast. Hald god avstand til slike leidningar.

– Tre og andre gjenstandar som ligg over leidningar må ikkje berørast. Hald god avstand.

– Berøring av leidningar og tre/gjenstandar som er i berøring med leidningar kan vera livsfarleg!

– Nettselskap/elverk må varslast dersom du observerer situasjonar som nemnt ovanfor.