Kyrkjelydsprest Fridleif Lydersen nyt songen frå Fitjar kyrkjekor under gudstenesta 1. juledag. Foto: Kjetil Rydland.

Søkte til kyrkja etter julestemning

Fitjarbuen har søkt til kyrkja i hopetal for å oppleva julestemning dei siste dagane, og fylt kyrkja heile fire gonger.

 

Som vanleg blei draumen om ei kvit jul til ein våt og vindfull draum for fitjarbuen. Julestemninga var ikkje lett å få auga på utandørs i år heller, men til gjengjeld har stemninga vore upåklageleg i Fitjar kyrkje. Til saman har rundt 1000 fitjarbuar, altså rundt ein tredel av sambygdingane våre, vore innom kyrkja i julehelga. 

 


På grunn av ombygging var ringinga frå tårnet avdempa i år, men ikkje meir enn at kyrkja trekte fullt hus fleire gonger. Foto: Kjetil Rydland. 

 

På julaftan blei det ringt inn til gudsteneste heile tre gonger i år. Grunnen er at ombygginga i samband med monteringa av det nye orgelet ikkje er ferdig enno, og då må galleriet haldast stengt. Dermed er det ikkje plass til fullt så mykje folk som vanleg. I løpet av tre gudstenester på løpande band var over 800 fitjarbuar innom kyrkja på julaftan.

 

Under den første gudstenesta var berre 91 til stades, ein stor del av desse var ungar. Dermed blei det god plass å boltra seg for dei små. På dei to neste «bordsetningane» rundt juleevangeliet blei det meir enn fullt, med høvesvis 414 og 322 gjester innom dørene. Kyrkjelydsprest Fridleif Lydersen feirar i år den første jula si i Fitjar, og forretta i alle tre gudstenestene i går. Stemninga var uhøgtideleg, men han gløymde ikkje å minna møtelyden på at ikkje alle har det like godt i julehelga. Derfor oppmoda han oss alle om å bry oss om kvarandre. Å dela er ein kvalitet ved dei skandinaviske samfunna, poengterte han, og ba oss alle «gå kvalitetetsvegen». 

– Se menneskene rundt dere, sa han til slutt i preika.

 

I dag var sokneprest Olav Oma òg med på gudstenesta, og det var han som stod for talen. Han minte oss på at det er i dag Jesus har fødselsdag:

– Takk, kjære Jesus, for at du ville komma til oss! sa han blant anna. I ein velformulert tale over Johannesevangeliet, som knyter saman tid og æve, skaping og frelse. Nesten to hundre fekk med seg den flotte talen.

 

Kollekten i går gjekk til Kirkens Nødhjelp, og i dag gjekk pengane til eit misjonsprosjekt i Mali som Fitjar sokneråd har vedteke å støtta. Helga Rimmereid orienterte om prosjektet, før folk fekk høve til å gå fram og gi sin skjerv. Dei som ikkje hadde kontantar med seg i kyrkja i dag, kunne betala kollekten via SMS eller Vipps. 

 

Alle som har vore innom kyrkja i julehelga, har fått ei fin påminning om dei gode song- og musikkreftene me er velsigna med i Fitjar. Kantor Jan Overweg akkompagnerte begge dagane på det vesle kisteorgelet framme. Under gudstenestene i går spelte Fitjar skulekorps, og dei to ungdommane Marie Oma og Silje Rydland song. I dag stilte Osternes mannskor og Fitjar kyrkjekor. Og sist, men ikkje minst, Guro Rimmereid, som avslutta høgtidsgudstenesta i dag med «Pie Jesu» på kornett. Ei vakker og gripande avslutning på ei stemningsfull gudsteneste. 

 

 


Marie Oma og Sije Rydland framfører «Mitt hjerte alltid vanker» på den siste gudstenesta julaftan. Foto: Kjetil Rydland.

 


I ruskavêret på kyrkjetrappa etter den siste gudstenesta på julaftan. Det ser nok finare ut på biletet enn det var i røynda, men det var ikkje verre enn at ungdommane nytta høvet til å ønskja kvarandre god jul. Foto: Kjetil Rydland.

 


Osternes Mannskor stilte mannsterkt på 1. juledag. Foto: Kjetil Rydland.

 


Hildegunn Aadland viste seg på nytt som ein eminent tekstlesar på 1. juledag. Foto: Kjetil Rydland.

 


Sokneprest Olav Oma med ein flott tale over evangeliet etter Johannes. Foto: Kjetil Rydland.