Tundragjæser beitar på Rydland. Foto: Kjetil Rydland.

Tundragås på Fitjar i jula

Ein stor flokk tundragjæser har beita på bakkane til fitjarbøndene den siste veka.

Den store gåseflokken som har blitt observert i Fitjar den siste veka, ser ut til å vera tundragjæser.

Tundragås skil seg frå andre liknande artar med den kvite flekken over nebbet.

Bilete av tundragås kan me studera på internett.

I helga beita dei på bakkane på Rydland, og i dag var dei på Fitjargarden. Truleg er det dei same gjæsene som sist laurdag blei observerte i Sandvikjo då dei kom fykande nordanfrå over fjorden.

Tundragåsa er utbreidd i Nordaust-Europa, Vest-Sibir og på Grønland. Om vinteren fyk dei av og til gjennom Skandinavia, mot Tyskland, Nederland og Frankrike, står det å lesa på Wikipedia.


Gåseflokken i flukt på Rydland i helga som var. Foto: Kjetil Rydland.