Assisterande rådmann får blomar av ordføraren. Foto: Harald Johan Sandvik 

 

Andreas Moe Larsen sluttar i kommunen

 Ordføraren takka for god jobb!

Assisterande rådmann Andreas Moe Larsen har sagt opp, og sluttar i Fitjar kommune i januar.

I kommunestyremøtet i går heldt ordførar Wenche Tislevoll tale, der ho takka han for god innsats i 3 ½ år. Han har følgt alle kommunestyremøte, hovudutval og dei fleste andre utvalsmøte i denne tida.

Ansvarsområdet er stort! Han er personalsjef for dei 350 tilsette, har ansvar for HMS, er kontorsjef, ansvarleg for beredskap og for val.

Ordføraren sa vidare at ho set pris på alt det positive Andreas står for: Han er lun, omsorgsfull, omgjengeleg, diplomatisk og løysingsorientert. 

Stillinga er utlyst, og det har meldt seg 17 søkjarar.