Marta Westerheim og Maria Korsvik. Foto: Harald Johan Sandvik

Musikalsk innleiing til kommunestyremøtet

Fire elevar frå Kulturskulen heldt minikonsert

Det er tradisjon med eit kunstnerisk innslag ved starten av budsjettmøtet. Først ut var ordførar Wenche Tislevoll som las diktet «Så mange slags S-ar», eit dikt som passar til juletida.

Deretter kom Siren Brekke og Maria Båtstad frå Kulturskulen. Dei spela «Nå tennes tusen julelys» firhendig på piano.

Så var det Marta Westerheim og Maria Korsvik sin tur, med «Home for Christmas», også dei spelte firhendig.

Vakker musikk! Både dei fire musikarane og rektor Håvard Kroka fekk velfortent takk frå ordføraren.

Rektor Håvard Kroka kvitterte med på takka for god oppfølging frå kommunen, og særskilt takk for det nye pianoet dei kunne kjøpa i år. Det vert teke godt vare på!

 

Siren Brekke og Maria Båtstad. Foto: Harald Johan Sandvik