Bernt Christian Pettersen, Ronald Hareide og Anne Marie Larsen har all grunn til å gle seg over den flotte jubileringsfeiringa på hotellet. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fest over jubileumsfeiringa

Leiinga i Fitjar Fjordhotell med Anne Marie Larsen og Ronald Hareide i spissen, stråla etter jubileumsfeiringa fredag kveld og ope hus på hotellet i går. Og endå hadde dei kvelden i går å gle seg til.

Heile 84 inviterte gjestar fylte hotellet fredag kveld, og det vart som seg hør og bør, god mat og  talar – og revy og musikk på kjøpet.

Karl Sandvik gav i sin tale eit historisk tilbakeblikk frå tida då hotellet vart til, ikkje minst frå når dei var i Oslo for å få ein del viktige ting på plass; ordførar Wenche Tislevoll peika på kor viktig hotellet er frå bygget og Finn Ingvar Havnerås talte frå styret. Ein glimrande tale som verkeleg fekk opp stemninga, vert det fortalt.

Vidare var det tale av Ole Bergesen som takka for godt og nært samarbeid gjennom mange år og av Jan Helge Gullaksen frå leverandørane.

Sissel Jørgensen leia det heile med stø hand.