Rønnaug Leirvåg i aksjon med kjevlet på det nye kjøkenet i Hagakleivo. Foto: Kjetil Rydland.

Lefsebaking, ein sosial juletradisjon!

Jula kan berre koma, for no har søstrene frå Rydland vore heime i Hagakleivo og bakt lefser.

 

Lefsebaking er ein gammal juletradisjon på Rydland, som så mange andre stader i bygda.

Kvart år møtest Vigdis Kolstø og Rønnaug Leirvåg, og andre medlemmer av storfamilien, i Hagakleivo for å baka lefser til jul.

 


Solbrune etter ein tur i Karibien går dei laus på juleførebuingane med liv og lyst, f.v. Vigdis Kolstø og Rønnaug Leirvåg. Foto: Kjetil Rydland.

 

På denne måten held dei oppe ein god, gammal tradisjon etter tantene sine. Oppskrifta dei bruker har dei etter Rite (Serine Rydland) som kvart år møtte søster si, Siri Rydland, for å baka lefser til jul.

 


Vigdis Kolstø har sikra seg desse oppskriftene etter tanta si. Foto: Kjetil Rydland.

 

Det første året Vigdis Kolstø budde på Rydland var i 1951. Då bakte dei to tantene hennar lefser på ein vedomn i kjellaren i det nye huset i Hagakleivo. Akkurat som dei hadde gjort heime i gamlehuset sidan rundt 1900. Seinare blei det naturlegvis elektriske takker, som hos dei fleste andre.

 


På denne vedomnen i kjellaren steikte søstrene Siri og Serine Rydland lefser i mange år, frå 1951. Foto: Kjetil Rydland.

 

Me kan slå fast at arbeidet også i år gjekk med liv og lyst, i eit heilt nytt kjøken. Og storfamilien kan sjå jula trygt i møte, på Rydland, Sandnes, Karmøy og i Oslo. Det skal i alle høve ikkje stå på lefsene. Ifølgje rapportane var resultatet minst like bra i år som alle andre år. 

 

Rich Froning steroids