Me kunne ikkje dy oss. I ein artikkel om neddusa bilete, dusa me og ned hovudbilete til saka. På biletet ser me elles kultursjef Bente Bjelland som akkurat har overrekt blomar til Roald Sundal. Foto: Håkon C. Hartvedt

Poesi i duse bilete

Overskrifta er uttrykket me sit att med etter å ha fått med oss opninga av fotoustillinga til Roald Sundal i Galleri Losjen i dag.

Også denne gongen var det bra med folk ved opning av ei utstilling i Galleri Losjen på Fitjar, noko hovudpersonen sjølv hadde all grunn til å gle seg over. Likeeins av gode ord frå Olav Bjørkum som opna utstillinga.

Olav Bjørkum. Foto: Håkon C. Hartvedt

Han peika på at Sundal ikkje er utan internasjonal merksemd i og med at han har hatt bilete på trykk i « Der Spiegel» og det engelske magasinet «Back + White Photography». Om bileta som er med på denne utstillinga, sa han: – Eg fekk bakoversveis. Det er eit indre lys som opnar seg i desse bileta, i lag på lag. Dei har eit språk og  teikn overalt, i stadig nye dimensjonar – i alle fall for meg!

Kultursjef Bente Bjelland overrekte blomar at gav uttrykk for stor takksemd for at Sundal stiller ut i Galleri Losjen.

To av Sundal sine bilete. Foto: Håkon C. Hartvedt