Kantor Jan Overweg spelar på kisteorgelet. Foto: Håkon C. Hartvedt

Artig orgelerstatning

Det store, nye orgelet i Fitjar kyrkje vert ikkje teke i bruk før i mars. Likevel kan du høyre orgellyd i kyrkja allereie no.

Årsaka er at ein har fått på plass eit lite kisteorgel. Det ser ut som ei stor og høg sjømannskiste når det er lagt saman, men med få grep kjem tangentane på plass – og det er orgellyd du høyrer når det vert spelt på.

Kisteorgelet er plassert like ved pianoet framme i kyrkja, og kantor Jan Overweg får det til å låte svært bra. 

Han let oss og få sjå ned i orgelet ovanifrå. Då ser me at dette slett ikkje er nokon elektrisk sak med «kunstig» orgellyd. Nei, nedi ser me orgelpiper i ymse format som leverer lyse og mørke tonar alt ettersom, slik som eit vanleg orgel gjer.

Ingen tvil om at det er orgelpiper nedi kisteorgelet. Foto: Håkon C. Hartvedt