Ronald Hareide. Arkivbilete, Fitjarposten.

Hotelldirektør Ronald Hareide inviterer til jubileumsfest i helga. Foto: Håkon C. Hartvedt

Hotellet jubilerer

Fitjar Fjordhotell er 30 år, og i helga skal det feirast, både med inviterte gjestar, men og med open dag for alt folket, som me kan skrive no ved juletider.

– Fredag er det fest for inviterte gjestar – alt ifrå leverandørar,dei som starta opp hotellet, dei som fekk Ronald til å starta det opp igjen, gode kundar og samarbeidspartnarar.

Laurdag er det så ope hus frå kl 13.00 -15.00 der alle kan kome og få sjå litt rundt, og få seg gratis kaffi og kake. Om kvelden er det revykavalkade, allsong, musikk oppe og 80-talsmusikk der Ivar Hovland spelar plater nede.

Slik vonar me å få fitjarbuar flest med på hotellet sitt 30-årsjubileum, fortel Ivar Hovland til fitjarposten.no

– – –

Då hotellet runda 25 år, laga Fitjarposten ein større reportasje i papirutgåva. Nedanfor kan du både lese utdrag av teksten me skreiv og sjå nokre av bileta.
I høve til artikkelen under, kan me fortelje at hotellet dei siste åra har fått renovert tekniske ting som ventilasjonsanlegg med meir.

– Klar for 25 nye år

Ein del av dei tilsette, tiltalt med førenamn, på Fitjar Fjordhotell for fem år sidan. Framme f.v. Valdas, Alma, Imara, Sylvi, Signy og Saronas. Bak: Torgeir, Stig, Ronald, Anne Marie, Inger Elise, Bernt Christian.

 

25 år er gått sidan Fitjar fekk hotell. Trass i at resultata har svinga år om år, er det optimismen som rår ved jubileet.

Dagleg leiar Ronald Hareide kan fortelje at 2011 vert eit betre år for hotellet enn fjoråret, og totalt sett står ein mykje sterkare no enn for 10 år sidan då Hareide tok over. Standarden og kapasiteten er òg høgare enn den gongen. Både Sportellet som er kome til, og renoveringa av alle romma som vart gjort for berre eit par år sidan, har gjort sitt til det. 

– Så sjølv om det er utfordringar nok, er det likevel grunn til å sjå lyst på framtida, smiler ein opplagt Ronald Hareide, som no er klar for julesesongen med show og god mat. Denne gongen er det Roar Brekke, «Askeladden frå Odda», som skal underhalda gjestene. 

Revyen – ein berebjelke
Slik underhaldning har vore viktig for hotellet. Hotellsjefen legg ikkje skjul på at Fitjar-revyen ikkje berre har gjeve gode pengar i kassa. Den har sett Fitjar Fjordhotell på kartet.

Dei siste åra har hotellet gjeve tilbod om teambuilding til kundar som ønskjer litt ekstra program i tillegg til sitt eige. Dei får då eit skreddarsydd opplegg der ein mellom anna gjer seg nytte av den fantastiske naturen Fitjar har å by på. Eigen sandvolleybane er òg eit fint aktivum i denne samanhengen.

– Og for all del: Me gløymer ikkje lokalbefolkninga. Me ser stadig ei sterk utfordring i å gje den einskilde fitjarbu gode tilbod, seier Hareide.

Talet på årsverk i hotellet er 15, eit tal som ifølgje Hareide har halde seg stabilt dei siste åra. Berre heile stillingar er det ikkje, så det er fleire som har jobb ved dette idylliske Fjordhotellet her nord på Stordøya. Eit hotell med svært vakker plassering, heilt ned mot fjøresteinane som det ligg, omslynga av Fitjarelva som ei livgjevande blodåre av rennande vatn.

Starta i november 1986
Det var i midten av november 1986 at fitjarbuen for første gong kunne kosa seg på hotell utan å måtte dra ut av bygda. Offisiell opning var laurdag 24. januar 1987 med inviterte gjestar og presse til stades. Mellom anna var NRK  på Fitjar og gjorde opptak i samband med opninga. Hotellet hadde då 24 rom (18 enkle og seks doble) og plass for 150 gjestar i spisesalen. 

Superinnsats av patriotiske støttespelarar
Ideen om eige hotell i Fitjar kom ifrå Torvald Meidell Dahle som den gongen var tiltakssjef i bygda. Men Dahle fekk snart med seg det bladet Sunnhordland kalla «patriotiske støttespelarar».  

 Dei trudde på ideen og dreiv han fram.  

Det vart skipa eit interimsstyre som seinare danna Fitjar Eigedom- og utviklingsselskap AS med Karl Sandvik som styreformann. I tillegg til Sandvik sat desse i styret (biletet over frå høgre:  Per H. Valvatne,Knut L. Rydland, Torvald Meidell Dahle, Knut Tufteland, Finn Havnerås og Torgils Vestbøstad. Biletet er faksimile frå Haugesund avis, januar 1987.

Det vart sett i gang aksjeteikning, og responsen var upåklageleg. 3,5 millionar kroner kom inn på kort tid, og ved opninga hadde hotellet 150 aksjonærar. Dei aller fleste frå lokalmiljøet. I tillegg fekk dei ein million kroner i lån og ein million kroner i tilskot frå Distriktenes Utbyggingsfond. Sluttrekninga for hotellet kom på 11 millionar kroner.

I starten gjekk drifta òg svært bra. Dei fekk med seg heile julebordsesongen i 1986 med svært godt resultat, og suksessen fortsette heile året som følgde. 

– Det går så det kvin, sa direktør Gunnar Wagtskjold, som saman med kona Asta var det første vertskapet for hotellet. Utsegna kom i eit intervju med Sunnhordland eit år etter at hotellet opna. Direktøren kunne fortelje at det låg føre eit prospekt på 3,2 millionar kroner i omsetjing for det første året, men at rekneskapen i slutten av 1987 synte at dei i staden låg an til ei omsetjing på 6,6 millionar kroner, altså over det doble. Suksessen skuldast mellom anna at dei hadde husa ein god del kurs for Statoil og Hydro.

Tre konkursar på sju år
Dessverre varte ikkje idyllen lenge. Knapt tre år etter at hotellet hadde starta opp, kom den første konkursen. Fleire grep hadde vore gjort for å berga situasjonen, men i 1989 måtte ein likevel gå den tunge vegen til skifteretten.


Etter dette tok Terje Aksnes over som ny direktør. Denne gongen klarte ein å halda dei gåande til 1991. Då vart det igjen kroken på døra.


Jan Atle Solheim kom då inn med friske tankar om drifta. Men heller ikkje no gjekk det meir enn fire år før ein ny konkurs var eit faktum. Det skjedde i 1996. Som dagleg leiar i driftsselskapet Fitjar Fjordhotell AS gjekk Solheim sjølv til skifteretten og bad om konkursopning, etter at hotellet hadde slite med store likviditetsproblem i lang tid. 

Ronald Hareide kjem inn
Eigedomsselskapet Stord Fjordhotell AS, med Leiv  M. Tveita som styreformann, tok då over hotellet og tilsette Ronald Hareide som dagleg leiar.

Sidan har det ikkje vore fleire konkursar. Visst har det, som me nemnde innleiingsvis, vore svingingar i økonomien, men stort sett har det gått bra. Til tider svært bra. Men hotelldrift er ein tøff bransje, og Ronald Hareide har valt å køyre ein nøktern linje. – Dei store investeringane me har gjort i det siste skal dekkjast inn. Me har funne ein plattform å stå på, og me vil byggje vidare på den utan å gjere det altfor store endringane, seier han.

Godt miljø
Sylvi Nysæther har vore tilsett heilt sidan starten i 1986. No er ho med i administrasjonen.

– Hotellet  har vore ein kjekk arbeidsplass i alle år. Me har eit svært godt arbeidsmiljø, og eg har aldri kvidd meg til å gå på jobb. Den største endringa kom da Ronald Hareide begynte. Då fekk me tilsette større ansvar og vart meir involvert i det som skjedde, seier Sylvi. Ho likar å treffe folk. Kjendisar òg. Det har vore ein del slike på hotellet i den tida ho har vore der. Ei lun historie om ein av dei skal me slutta av med.

Ein gjest feira 60-årsdagen sin på hotellet. Same kvelden skulle Tor Endresen spele der. Sylvi kviskra han då eit spørsmål i øyret om han ikkje kunne gå inn og syngja bursdagssongen for jubilanten. Endresen så gjorde. At det vart stor suksess, treng me kanskje ikkje nemna.