Frå arrangementet i fjor. Foto: FP-arkiv/HCH

Julestemning på låven

Førstkomande laurdag vert det låvekonsert på Fitjar, der inntekta går til Frelsesarmeen si julegryte.

Det var i fjor Fitjar Bygdekvinnelag og Fitjar ad Hoc Ensemble arrangerte julekonsert på låven til Lars Ove Rimmereid for første gong. Dette gav meirsmak for både arrangørar og puplikum. Difor vert det ny konsert etter at Lars Ove har sløkt mjølkemaskinen kl. 18.30 laurdag den 17. desember. 

Avlessarvogn og høyballar
Kulissane bak scenen vert ei avlessarvogn og ein del høyballar. Puplikum sit på benker av plank og høyballar, medan dei lyttar til gammal og ny julemusikk, kanskje ispedd litt kvigerauting og sauebreking.  

Songarane Gurid Refvik, Silje Rydland og Arve Rydland får musikalsk støtte av gitar, bass, trommer, fele, trøorgel, trekkspel og piano.

Sigrid Fangel bidreg med opplesing og programleiing. Repertoaret spenner frå gamle norske folketonar til svingande julelåtar frå USA. Allsong vert det og.

Det skal vera plass til om lag 150 personar på låven. Inngangspengane frå konserten, som er sett til min. kr. 100.- for personar over 15 år, går uavkorta til Frelsesarmeen si julegryte.

Fitjar bygdekvinnelag vert med og serverer julekjeks og gløgg til alle som møter opp.

Parkering for dei som kjem med bil vert på Rimbareid skule.