Flagget til topps hos Fitjar vgs i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt

Fitjar vgs får behalda påbyggingsklassane

Fylkesutvalet vedtok i dag samstemmig at Fitjar vgs skal behalda påbyggingklassane det har vore snakk om å flytta. – Ein gledens dag, strålar rektor Leif Helge Engelsen, som lovar kakefest i morgon.

Dermed er ein lang og intensiv kamp for å berge Fitjar vgs til ende med godt resultat – i alle fall i denne omgang. 

Ikkje berre skule og ordførar, men heile fitjarsamfunnet har nådd fram og fått gehør hos fylkespolitikarane med at Fitjar vgs er «ein god plass å vera, ein god plass å vera», som det heiter i skulen sitt eige motto.

I dag gjekk flagget til topps.

I morgon vert det kakefest.

Vedtaket i Fylkesutvalet er endeleg, så då vil me tru at skulen «vert freda» i alle fall for nokre år framover.