Glade  og takksame damer. F.v. Hildegunn Aadland, Eli Simonsen, Anne Britt Tornes og kultursjef Bente Bjelland. Foto: Håkon C. Hartvedt

Kulturprisen til Temagruppa

Fitjar sokneråd si temagruppa får Fitjar kommune sin kulturpris for 2016.

Benedicte Meyer var ikkje på Fitjar i dag, men dei tre andre i gruppa: Eli Simonsen, Anne Britt Tornes og Hildegunn Aadland vart kalla inn til å møte i kyrkja i kveld, utan at dei skjøna kvifor. Det var såleis ein noko forvirra damegjeng som stod å venta på å få høyre kva årsaka til denne innkallinga var.

Overvelda og mållaus
Når så Bjelland kom med blomar og kunngjorde prisen, vart dei heilt stille, og når dei så fekk munn og mæle att, var dei første  setningane som vart sagt: «Eg er overvelda!», og «Eg er mållaus!»

Men når dei hadde fått summa seg litt, tok Eli Simonsen ordet på vegner av damene og sa:
– Me må seie tusen takk! Det er sterkt at folk set pris på det me har gjort. Målet har vore at desse kveldane skal vere noko for alle folk i Fitjar, slik at det vert noko for ulike grupper. Kyrkja sin terskel skal vere låg, men samstundes liggje på fast grunn!

Grunngjevinga for prisen lyder slik:

Eli Simonsen, Benedicte Meyer, Hildegunn Aadland og Anne Britt Tornes har arrangert opne temakvelder i Fitjar kyrkja, ein gong i månaden, i mange år. Kyrkjerommet er pynta med levande lys og blomar, så det innbyr til ro og til å ta imot. I byrjinga var det ikkje så fullt i benkeradene, noko som har endra seg dei siste åra. No er desse kveldane vorte svært populære óg for gjester frå nabokommunane.. 

Dei har fått mange spennande kulturformidlarar til Fitjar. Forskjellige tema har vorte formidla gjennom kunst, musikk, lyrikk og foredrag. For å få dette til har dei stått på år etter år. 

Døme på temakveldar: 

 Marianne Juvik Sæbø, Arne Pareli og Bergen Gospelcompagni01.12 2016): Julekonsert 

 Fitjar Kyrkjekor(12.10.2016) «Det er godt å være stille» 

 Ailin Reid og Torstein Hatlevik (25.08.2016) «Frå scenekant til kyrkjerom» 

 Trine Rein (11.08.2016), konsert 

 Bodil og Runar Kvernenes Nørsett (22.10.2015) «musikalsk kjøkkenbordsfilosofi» 

 St.Sunniva og Alfa Trio (01.11.2015) «Son of God» 

 Fitjar Ad Hoc (25.10.2012) «Lindemann 150 år» 

 Einar Lunde (27.09.2012) «Miraklet i Sør Afrika» 

 Egil Svartdahl, Arild Stav og Svein Skulestad(18.04.2012) «En smak av himmelen» 

 Osternes mannskor (29.03.2012) åndelege songar frå Engesund 

 Anne Kristin Aasmundstveit (23.02.2012) «Salomos høysang» 

 Edvard Hoem (27 okt 2011) ”mors og fars historie” 

 SKRUK (23 sept 2011), konsert 

 Rune Larsen (25 aug 2011), konsert 

 Musikkveld (14.04.2011) 

 Jazzmesse ved Sjømannsmisjonen (24.02.2011) 

 Gunnar Danbolt (25.11.2010) ”Kunsten i kyrkja vår” 

 Olav Vikse ( 28.10.2010) ”Kunsten å leva” 

– Dette frivillige arbeidet gjev Fitjar eit kulturtilbod som betyr mykje for mange av oss. Me foreslår Eli Simonsen, Benedicte Meyer, Hildegunn Aadland og Anne Britt Tornes til Kulturprisen 2016 for sin mangeårige innsats med å arrangere temakvelder i Fitjar kyrkje. Me meiner at denne innsatsen gjer dei til gode kandinater til kulturprisen 2016, skreiv dei som sende inn framlegget.

Og slik vart det: Fitjar kommune sin kulturpris for 2016  går til damene som er nemnt ovanfor, altså til Fitjar sokneråd si temagruppe.

 

The Pentagon Reportedly Spends 5 Times More on Viagra Than Transgender Services can you buy viagra online Fake Amazon, YouTube, Facebook Notifications Sell Viagra