Lars, omkransa av borna – og ordførar. F.v. Atle Vik. Leif Arne Vik, ordførar Wenche Tislevoll, Lars K. Vik og Lillian Vik Østervold. Foto: Håkon C. Hartvedt

Mottok Frivilligprisen

Ein takksam Lars K. Vik kunne i går kveld motta Frivilligprisen av ordførar Wenche Tislevoll si hand, og omkransa av borna Atle, Leif Arne og Lillian.

Som vanleg var det lagt ei vakker ramme rundt utdelinga med småbord, god mat og tale ved ordførar til vinnaren av Frivilligprisen og festtale.

I sin tale til årets prisvinnar, Lars K. Vik, starta ordførar Wenche Tislevoll med å trekkje fram kriteria for prisen:  

«Prisen går til ein initiativrik person, lokal foreining eller gruppe, som med sine idear og pågangsmot har betra trivsel og livskvalitet for andre, og bidrege til eit meir ope, aktivt og trygt samfunn.»

Vidare peika ho på verdet det frivillige arbeidet har for lokalsamfunnet vårt og streka under at frivilligprisen i år går til Lars Vik for hans frivillige og ueigennyttige innsats langt utover det som er vanleg. Som ein aktiv idrettsutøvar, revyforfattar og artist, låtskrivar, utøvande musikar og leiar av kor og mindre song- og musikkgrupper. Lars også kjent som ein gledesspredar med ein unik evne til å få kontakt med folk. 

Øvevelda
Eg e øvevelda øve alt Lars har har vore delaktig i !! sa ordføraren, og fortsette:

– Lars har vore ein svært aktiv medlem i Fitjar Idrettslag og ein skikkeleg spreking. Han sprong mellom anna 60 meteren på 6,9 i 1960, og Heil til dei seinaste åra har han vore tidtakar og kontrollør for idrettsmerketakarar – ikkje minst pådrivar for å få flest mogleg til å fullføra.  Sjølv har han teke merket 62 gongar og ligg dermed klart øvst på idrettsmerketoppen i Fitjar. 

Han har vore aktiv i sosiale samanhengar som revyforfattar og artist. God gamaldags revy som gjekk på kjente ting som skjedde i Fitjarbygda. Og med fast spalte i Fitjarposten «Skråblikk frå Skåtet» med broren Jakob.  Heilt til papirutgåva blei lagt ned.  

Vidare har han vore musikant innan mange greiner. Han har også laga eit utval av songar og melodiar der mange er vèl kjente.  

Musikalsk starta han som gitarist i Vikagutane (4 brør),  og pådrivar og musikant for storbandet Metronomen. Han var med og starta Fitjar Musikklag i 1949 – og spela kornett der til 1965. Han var sentral i Fitjarkvartetten 1967 – 1987, og dei var mellom anna i Arne Bendiksen sitt studio og spelte inn grammofonplate, og seinare både kassett og CD.  Frå 1987 og til no har han vore aktiv i «Fitjarbrørne».

I 1966 starta han Fitjar Musikkforening  der han spelar gitar og piano og framleis er musikalsk leiar.  50 år !!  Han er fast pianist i Fitjar Bedehus og ei kjent stemme i Radio Fitjar. 

1989 starta han opp Sunnhordlandsmusikken etter oppfordring frå IMS, med øvingar 4-6 gongar i året og opptil 70 songarar samla til øving. Ei gruppe som stadig er i full vigør.

Lars var formann i Fitjar Indremisjon frå 1974 – 1984.  Søndagsskuleleiar frå 1965 – 1999 (over 30 år) – og som de sikkert skjønar med gode forteljarevner og flittig bruk av gitar og piano var han ein populær søndagsskulelærar. Han var også med i yngreslaget på Fitjar Bedehus, sa Tislevoll, og runda av slik:

– Som de høyrer så har Lars engasjert seg i utruleg mykje, utan å tenkja så mykje på seg sjølv. Han har stått på for å inkludera mange og ynskte at dette skulle verta til glede for endå fleire.  Han har alltid ei svært positiv haldning og oppmuntrar alle til eit godt liv i kvardag og fest.  I arbeidet sitt i Fitjar Kommune – på skattekontoret – var han alltid i godt humør, med ein spøk på lur !!

Det er med stor glede eg tildeler Lars Vik frivilligprisen. Prisen er vèl fortent, og me gratulerer så mykje !!

– – –

Herman Inge Aadland heldt ein godt komponert festtale der han peika på kor viktig det frivillige arbeidet er for bygda. 
– Kva hadde bygda vore utan Fitjar Idrettslag, utan Fitjar Skulekorps … og så nemnde han ei rekkje lag og organisasjonar.

– Utan desse hadde heile samfunnet gått i stå, og korleis skulle det ha gått om alle skulle ha teke seg betalt?! sa han mellom anna. Foto: Håkon C. Hartvedt

Dagleg leiar i Fitjar Frivilligsentral, Ellinor Austad Bergesen, fekk velfortente blomar av Vigdis Røen. Seinare og av ordførar Wenche Tislevoll. Foto: Håkon C. Hartvedt


Sigbjørn Aarland leia det heile på ein svært god måte. Foto: Håkon C. Hartvedt

Triveleg på Frivilligfest. Foto: Håkon C. Hartvedt

Me kan ikkje avslutte denne artikkelen utan å nemne Fitjar Skulekorps som starta det heile med feiande flott musikk. På det nivået dei er no er det ein sann fryd å høyre dei, kvar gong!