Ailin Vik har funne fram verktøyskrinet sitt og har begynt å ribba den nye bilen for å gjera han klar for bilcross. Foto: Kjetil Rydland.

Ailin gir gass igjen!

Ailin Vik har kjøpt seg ny bil, og reknar med å vera klar igjen til våren, når ein ny bilcrossesong brakar laus.

16-årige Ailin Vik hadde ein flott sesong i bilcross i år. Blant anna kvalifiserte ho seg til landsfinalen, noko som er eit mål for alle bilcrossførarar. Og siste helga i august gjorde ho ein flott innsats då ho var ei hårsbreidd frå A-finale. Så god var innsatsen at folk frå Eigersund la merke til henne, og kjøpte bilen hennar, ein Opel Astra, på bod etter løpet. 

 


Med 180 hestekrefter under dette panseret reknar Ailin med å bita godt frå seg neste sesong. Foto: Kjetil Rydland.

Det er alltid surt å missa bilen på denne måten, men slik er reglane. Bilane i bilcross blir lagde ut for sal, og den som er heldig får tilslaget. Ailin let seg ikkje knekka av dette vesle tilbakeslaget, og i dag har ho kjøpt seg ny bil, ein 1993-modell WV Golf VR6. Og straks ho hadde fått bilen inn i verkstaden på Rydland, gjekk ho i gang med å ribba han for å byggja han om til bilcross.

Mykje av dette arbeidet skal Ailin gjera sjølv, med god hjelp av venninna Malin Tislevoll. Alle lyktene skal vekk, og alt inventaret like eins, for det er brennbart. Når ho har ribba bilen, skal det inn feste til bur. Det skal sveisast, og til det treng ho nok litt hjelp av andre i Fitjar Racing Team, sjølv om ho er på god veg til å læra seg å sveisa. Før løpssesongen startar, skal bilen lakkerast i fargane til Racingteamet. Det reknar Ailin med å gjera sjølv.

Til dagleg går Ailin på fotballinja på Haugesund Toppidrettsgymnas. Så vidt me forstår, har dei ikkje linje for bilcross. Ho får juleferie 16. desember, og reknar med å ha rikeleg tidsfordriv i jula. Det er mykje arbeid å gjera ein bil klar til bilcross, men er heilt sikker på at ho stiller på startstreken når sesongen opnar til våren. 

På velinformert hald får me opplyst at også andre ungdommar er i full gang med å førebu seg til neste sesong. Kristina Sætre har gått over til Opel Ascona, og Ole K. Lønning gjer klar ein Volvo til våren.

 


Malin Tislevoll køyrer ikkje bilcross sjølv, men teiknar til å bli ein viktig mekanikar for venninna Ailin Vik. Foto: Kjetil Rydland.