Fitjar Barnegospel. Foto: Håkon C. Hartvedt

Julefreden senka seg

Det er fantastisk når ein kan gå på ein konsert med barn og ungdom som aktørar, lene seg tilbake utan å vere redd for at nokon skal tabbe seg ut – og så la julefreden senke seg.

Slik opplevde eg konserten med Fitjar Barnegospel og Fitjar Skulekorps torsdag ettermiddag. Ei nydeleg stund med utruleg flinke aktørar.

To av Barnegospel sine artistar: Mari Fitjar Hjelle og Hanna Lovise Vestbøstad. Foto: Håkon C. Hartvedt

Barnegospel med sine songar der julebodskapen kjem klart fram, modige solistar som stiller seg framfor ein fullsett kultursal og eit band som får fram proff lyd, sjølv om dei står bak koret, og «ikkje ser nokon ting», var utruleg fint å oppleve. 

Ingen kan heller formidle jula sin bodskap så tydeleg og vakkert som borna.

Songduett og korpsmusikk. Siren og Alma Brekke var songsolistar i «Jul, jul, strålande jul». Foto: Håkon C. Hartvedt

Og så korpset …

Kva anna skal me seie enn at dei og er fantastisk å høyre på for tida. Vel var dei på store høgder for nokre ti-år sidan, men eg trur eg vågar å påstå at dei er endå betre no. Kanskje ikkje minst på grunn av solsitane, og det at dei klarer å kombinere korpsmusikk med songsolistar frå eigne rekkjer.
Framføringa på torsdag gav mange døme på det.

Sterk solo av Guro Rimmereid. Foto: Håkon C. Hartvedt

I tillegg leia Helga Rimmereid det heile på ein framifrå fin måte, ein ressurs for bygda i mange samanhengar.

Helga Rimmereid. Foto: Håkon C. Hartvedt.

Totalt sett er eg imponert – og ikkje minst takksam.

To av korpsjentene som koste seg på konserten: Ingeborg Henriksen Sørfonn og Linnea Olsen Heggland. Foto: Håkon C. Hartvedt