Tore og Lisbeth Eikeland signerte bøker til spente bokkjøparar. Foto: Kjetil Rydland.

Stor etterspørsel etter «Den aller siste distriktslegen»

Eikeland-bøkene gjekk som hakka møk under boksleppet i Larsenbygget fredag ettermiddag.

Eikeland-bøkene har kome til rette, til stor glede både for hovudpersonen sjølv, for forfattar Håkon C. Hartvedt, og ikkje minst for kjøpelystne fitjarbuar som stilte seg i kø då det nærma seg lansering i dag. Både Lisbeth og Tore Eikeland var til stades i Larsenbygget for å signera bøker.

Det vanka sjølvsagt både blomar og mykje vellæte over samarbeidet frå forfattar Hartvedt før bøkene blei sleppte lause. Forfattaren hadde òg ei aldri så lita overrasking på lur til den svorne Dubliners-tilhengaren Tore Eikeland. Fitjar har sitt eige svar på Sean Connon i Dubliners, nemleg den allsidige underhaldaren Årstein Tislevoll. Saman med like mangfaldige Hartvedt underheldt Årstein både lege og pasientar med to kjende irske låtar, The Wild Rover og Molly Malone


Håkon Hartvedt og Årstein Tislevoll syng Molly Malone. Foto: Kjetil Rydland.

Dermed var stemninga sett for boksalet, som etter det me kunne sjå, gjekk strykande. Aller først i køen var Solveig Helland, og både Tore og Lisbeth signerte om kapp etter kvart som kjøparane strøymde på. Det er ingen tvil om at Tore og Lisbeth Eikeland er sakna på kontoret, og det kom eit og anna ymt om dei kanskje ville starta opp igjen. Men det er vel å håpa på for mykje.


Solveig Helland var fremst i køen då Tore og Lisbeth Eikeland signerte bøker i dag. Foto: Kjetil Rydland.

Før Håkon Hartvedt fekk sukk for seg, hadde han tømt den første kartongen med bøker. Han fortel at han har fått trykt 400 bøker til no, og har bestilt 200 nye. Dermed skulle det vera gode sjansar til å få tak i årets julegåve. I morgen stiller han opp saman med Tore og Lisbeth hos Thea Træet. Då har Håkon òg med seg den nye andakstboka si, Daglig påfyll for sjelen.