Marianne Juvik Sæbø og Arne Pareli syng «O helga natt». Foto: Kjetil Rydland.

Vakkert og stemningsfullt

Ei fullsett Fitjar kyrkje fekk julestemning i rikt monn i går kveld då dei gamle kjenningane Terje Kleppe og Marianne Juvik Sæbø heldt julekonsert saman med GospelCompagniet og Arne Pareli. 

Folk visste kva dei hadde i vente då dei tok imot den kjende songfuglen frå Askøy og den allsidige musikaren Terje Kleppe, som opphavleg kjem frå Stord. Og publikum på jakt etter julestemning blei så visst ikkje skuffa. Skuffa gjorde heller ikkje det CD-aktuelle GospelCompagniet, det beste gospelkoret i Noreg, som Marianne Juvik Sæbø uttrykte det. Dei var eit nytt bekjentskap, som me gjerne møter igjen. Det same kan seiast om den andre solisten for kvelden, Arne Pareli frå Nord-Noreg. 

Marianne Juvik Sæbø nytta høvet til å slå eit slag for innsamlingsaksjonen til Misjon Uten Grenser. Ved å gi ei gåve på til dømes 250 kroner kan me bidra til at ein familie i Aust-Europa kan få ei fin jul.
– Eit flott tiltak, spør du oss.

Konserten blei ei fin blanding av gamle og nye julesongar, og ein og annan litt meir ukjend låt, iallfall for oss. På menyen stod julesongklassikarane «Stille natt», «Mitt hjerte alltid vanker»,  «Jeg synger julekvad» – og, ikkje minst, «O helga natt». Den siste med GospelCompagniet og Marianne Juvik Sæbø og Arne Pareli som solistar er sikkert den flottaste versjonen me har høyrt i Fitjar kyrkje.

Blant dei meir ukjende songane var «Tonen frå Betlehem», som Terje Kleppe komponert. Teksten er skriven av Per Nordstrand, lensmannen i Austevoll. Terje Kleppe fortalte korleis melodien hadde blitt til,  og nytta høvet til å skryta over vertskapet i Fitjar kyrkje. Noko som hausta velfortent applaus. Om songen sin sa han: – Skal eg sei det sjølv, så er det blitt ei lita perle!  Og det er me heilt einige i.

Konserten blei avslutta med «Det er makt i de foldede hender» som ekstranummer, alt i alt ein flott konsert med ein god dose julestemning. 
 

GospelCompaniet – det beste gospelkoret i Noreg? Foto: Kjetil Rydland.

 


Terje Kleppe introduserer sin eigen låt «Tonen frå Betlehem» – skal eg sei det sjølv, så er det blitt ei lita perle! Foto: Kjetil Rydland.