Maria og Josef: Mathea Kvilhaugsvik og Jonathan Midtsæter. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

 Den store Vennskapsfesten

Bakken barnehage har igjen arrangert det me vil kalle Den store Vennskapsfesten. Eit kjempeflott arrangement med julespel og basar til inntekt for vennskapsbarnehagen på Søppelfjellet i Egypt.

Dette er noko både borna, foreldra og besteforeldra set stor pris på, og barnehageborna veit godt kva pengane går til.

Hyrdar: Frå venstre: Sofie Bauge Vik, Sonja Pedersen, Bergliot Aarbø Olsen, Irma Aarbø Solheim, Joanna Sawicka, Marius Bårdsen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Kongar: frå venstre: Aleksander Tveit Lillenes, Jakob Sørfonn, Oliver Brakedal. Foto: Håkon C. Hartvedt

Guttegjeng: framme frå venstre: Andreas Sørfonn, Adrian Isdahl Jakobsen. Jone Malkenes Josdal, Herman Juscius. Bak frå venstre: Knut Inge Isdahl Jakobsen og Bastian Helland. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

 

Jente: Tuva Hestenes

–  I heile november har barnehageborna lært om livet på Søppelfjellet i Kairo i Egypt. Dei har sunge songar om vennskap, og dei har lært nye og gamle julesongar! fortel styrar Torunn Årskog.

Stolte foreldre og besteforeldre. Foto: Håkon C. Hartvedt

– 200 små og store kom på festen, og me kan senda rundt 30.000 kroner til Mama Maggie sitt arbeid blant Stefanusborna i Kairo! legg ho til.

Alt i alt eit nydeleg opplegg der born hjelper born!