Jorunn Hernes ser på framlegget til Torbjørn Kvalheim. – Kjempespennande, seier ho.

– Flott å få «våta nebbet»

Det seier Fitjar vgs-elev på VG2 Interiør og Utstillingsdesign, Torbjørn Kvalheim, i samband med at Fitjar Islands har invitert til eit nesten reelt samarbeidsprosjekt.

I staden for å sitje å dikte eller jobba med litt fiksjonsarta oppgåver har elevane ved VG2 Interiør og Utstillingsdesign fått i oppgåve å kome med framlegg om korleis dei vil innreia dei nye lokala som Fitjar Island skal inn i på Kråko.

Det synest Kvalheim er svært spennande. – Det er ganske flott at me på denne måten får eit innblikk i korleis det verkeleg er ute i «interiørverda», slik at me går «våta nebbet», som han seier. Han vonar å få til å lage ein skikkeleg 3D-modell av lokalet på pc-en. 

– Min første tanke er å bruka fargane dei har på produkt-emballasjen sin, ta utgangspunkt i dei og slik vidareføre profilen, seier Kvalheim.

Thomas Sivertsen har allereie begynt å lage ein modell i storleiken 1:25 med klipp og lim. Han synest òg at det er spennande å jobba med dette prosjektet. – Så stort lokale har me ikkje jobba med før. Dette er noko anna enn å jobbe med soverom, smiler han.


Andre vinklingar

Framme: Julie Hatlevik Båtsvik. Bak f.v.: Marta Steinsland og Victoria Bergesen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Julie Hatlevik Båtsvik har teke utgangspunkt i at Fitjar Islands lagar barberprodukt for menn.

– Eg har difor tenkt på ord som røft, sunt og samstundes mildt, seier ho, og legg til at prosjektet så langt har vore kjekt og lærerikt, men det er og eit prosjekt med mykje arbeid, synest ho.

Victoria Bergesen har og teke utgangspunkt i det reine, men har vidare prøvd å få naturen inn.

Slik har ho nok og hatt visjonen til Fitjar Islands om å «bringe til verden den oppløftende essensen av Fitjarøyane» i bakhovudet. Dette har ho òg fått eit lite innblikk i ved at elevane har fått ei innføring arbeidet til Fitjar Islands og har vore på befaring på Kråko. At ho er ifrå Fitjar er sjølvsagt ikkje noko minus i denne samanhengen.

Marta Steinsland har tenkt på det behagelege og den gode kjensla barberprodukta gjev, og har lagt opp til duse fargar.

– – –

Slik kunne me fortsett. Mange fleire framlegg vart presentert i går. 

No er det jo ikkje sikkert at dei blir brukt, men kanskje ein idé kan vidareførast. Det vonar i alle fall elevane.

Lovande
Jorunn Hernes i Fitjar Islands sa på førehand at ho vona på spenstige, kreative framlegg «med unge mennesker i fri utfoldelse» og vona på at det vart nokre element dei kan bruke. Etter å ha fått sjå og høyre kva elevane har fått til, seier ho: – Lovande!

Reelt prosjekt
Lærar Bine Lodden fortel til fitjarposten.no at målet med prosjektet har vore å jobbe med eit reelt prosjekt. Lokalet på Kråko er eit slikt. Lokalet skal innreiast, og elevane har, i tillegg til å ha vore på befaring, også fått teikningane til lokalet. – Eg vonar at dette  kan vere ein måte me kan dele vår kompetanse med Næringslivet på, seier ho – og vonar at det kan bli samarbeidsprosjekt med andre firma i framtida.

VG3 neste år
Avdelingsleiar Johanne Langeland fortel at VG2 Interiør og Utstillingsdesign er ei ny linje av året, og at dei no vonar å kunne tilby VG3 i same fag neste år.

– Elevane vil då få yrkeskompetanse som Interiørkonsulent eller Utstillingsdesignar, seier ho.