Bok-kartongane er no på plass i Fitjarposten sine lokale. Foto: Håkon C. Hartvedt

Eikeland-bøkene

Fitjarposten måtte i helga utsetje lanseringa av boka «Den aller siste distriktslegen», på grunn av at bøkene var komne på avvegar under sendinga.

Storstilt leiting av Bring etter bøkene fredag førte ikkje til noko resultat. Men i dag kunne Bring ringje og fortelje at bøkene var funne.

Kva hadde så skjedd?

Bøkene var levert til feil mottakar, og har lege hos dette firmaet heilt sidan fredag.
Idag vart det oppdaga at denne pallen ikkje var noko dei skulle ha, og firmaet tok kontakt med Bring som så ringde oss.

Og for å gjere heile historia kort: Bøkene er no på plass i Fitjarposten sine lokale!

Nå jobbar me med å få til lansering i helga som kjem.

Stad og tid vert kunngjort med det første.