Elieser ved Hatlevikbasaren. Foto: FP-arkiv

Indre Sjø-generalen og Betelskipet til Fitjar

Tysdag kjem Betelskipet «Elieser 6» til Fitjar. Då er mellom anna generalsekretær Ole Andreas Wastvedt om bord.

Etter det fitjarposten.no har fått vite, legg båten denne gongen til ved Tollaksbryggja ved banken.

Kl 19.00 vert det møte om bord med tale av gen. sekr. Wasvedt og song av Håkon C. Hartvedt.

Elles vert det meldt om enkel servering og utlodding.

Alle er velkomne om bord.