Stemningsfullt i sentrum

 – Me prøver å få faklane til å vara lengst, fortel Kjølv Aarbø Solheim, August Dalland og Samuel Aarbø Olsen.

Trekløveret var blant dei ivrigaste fakkelbærarane då starten på førjulstida i Fitjar vart markert, med fakkeltog og juletretenning søndag ettermiddag. Gutane hadde visstnok gått tre rundar, og andå hadde dei faklar att, lenge etter at andre hadde brent opp sine faklar.

 

Det kunne ikkje passa betre, reint klimatisk. Dette var ein av dei klåraste og rolegaste dagane i kortidsminnet. Det fine vêret hadde lokka ein stor skare ut. Skulekorpset sytte som vanleg for musikken og niandeklassane på Rimbareid sytte for noko varmt å eta og drikka og butikkane hadde ope for dei som måtte ønskja å handla denne søndagen.

 

Det var mykje folk som ville vera med når juletreet i sentrum skulle tennast. Foto: Arne Vestbøstad

 

Då ordførar Wenche Tislevoll tente lysa på juletreet, minna ho dei frammøtte på at det å handla lokalt faktisk har eit poeng. Om ein ikkje passar på å bruka dei tilboda som ein har i Fitjar, kan ein risikera at dei forsvinn. Med denne påminninga friskt i minne, var tida inne for å telja ned og tenna lysa, slik at ein kunne gå rundt treet, og heilt til slutt klarte ungar og vaksne å ropa fram årets første nissar, til stor glede for dei minste.

 

Treet tok seg godt ut, spesielt med mange folk rundt, slik det var denne kvelden. Foto: Arne Vestbøstad