Eit av kunstverka til Arta. Foto: Håkon C. Hartvedt

Velvære og kulturdag på Fitjar.

– På laurdag vert det kultur og velværedag på Fitjar. Arrangementet skal gå føre seg i på Fitjar kultur- og idrettsbygg i seniorsenteret, og i Galleri Losjen. For dei som ikkje ønsker å delta på velværedelen er det høve til å sjå utstillinga likevel, heiter det i ei pressemelding til fitjarposten.no

Opplegget er slik:

FKIB kl.11:00- 12:00 Easy flow and yin yoga

FKIB kl.12:10- 13:20 Raw food

Galleri Losjen kl.13:30 – 16:00 utstilling
Arta Kunst.
FKIB kl.14:10 – 15:00 Vinyasa YOGA
Mindfulness og stressmestring  kl. 15-16

I pressemeldinga kan me vidare lese:
«Gyrid Nysæter er frå Stord  og etter å ha fullført mastergrad i arbeidspsykologi har ho vore involvert i opplæring og rettleiing på ulike nivå.



Foredraget hennar om mindfullness kjem til å handle om korleis ein kan betra livskvaliteten sin ved å fokusera på eigne evner og behov, og kva rolle desse speler i livet. Der blir særskild fokus på å handtera stress, og å finne ro i ein travel kvardag. Det vert køyrd både forelesning og workshop om desse emnene.

Kajsa Nordström, kjem opprinneleg fra Sverige, men bur på Stord
Rawfood  har vorert hennar lidenskap de siste 10 årene og ho  brenn for å eksperimentere på kjøkenet sitt, og å inspirere andre til å lage mat som har meir energi, og som er utan tilsetningsstoff, gluten og kvitt sukker. Ho trur at ekte, rein mat er nøkkelen til et betre liv!

Foredrag og demonstrasjon av rawfood. Det vert høve til å få smaksprøvar og oppskrifter.

Dorota Zborowska oppdaga yoga då hun trengte ei motgift for hektisk liv. Yoga lærte ho å bremse ned, gje slepp på stress, lære å slappe av, men også til å innsjå kva som er viktig og korleis få ho til skifte fokus. Ein får høve til å prøve yoga i praksis.

Arta Mihnicova er frå Latvia og har  studert grafisk design i hemlandet. Ho har jobba 3 år i reklamebyrå som grafisk designar og dreiv  med bil og vindusfoliering.  På grunn av økonomisk krise i Latvia, mista ho jobben og flytta til Norge i 2011, der byrja ho å lage grafisk kunst.»

 

Utstillinga til Arta vert å finne  i Galleri Losjen og opnar kl. 13.30. Den er open for alle med gratis inngong. Det er høve til å kjøpe bilete.