Kyrkjeverje Harald Rydland. Foto: Håkon C. Hartvedt

Opninga av kyrkja utsett

– Gjenopninga av Fitjar kyrkje vert utsett nokre dagar, fortel kyrkjeverge Harald Rydland i ei pressemelding.

 – Ljosmessa vert på bedehuset sundag kveld, men kyrkja skal vera klar til konserten med Marianne Juvik Sæbø og Bergen Gospelcompagni torsdag i neste veke skriv han vidare.

Omfattande byggearbeid og stor dugnadsvilje 
Etter at kyrkja i haust har vore stengd grunna omfattande byggearbeid, var det planen at kyrkja skulle takast i bruk 1. sundag i advent..  

Det kunne me fått til, men det ville føra til svært mykje ekstra arbeid for dugnadsfolket som står på i kyrkja.  Difor har me avgjort at ljosmessa skal haldast på Fitjar bedehus kl. 19.00 på sundag.

I løpet av hausten har me opplevd ein ufatteleg stor dugnadsvilje for kyrkja i Fitjar.  Over 80 personar har vore inne på  ulike typar arbeid og lagt ned ein kjempeinnsats.  Det er me svært takksame for.  

 Orgelet kjem i neste veke
I neste veke kjem det nye orgelet frå Sverige. Dei første vekene i desember vil tre orgelbyggjarar arbeida med å montera storparten av orgelet på det nye galleriet.  I denne tida vert det avgrensa aktivitet i kyrkja, men gudstenestene på sundagane vil finna stad der.  

Galleriet vil ikkje vera ope for publikum før utpå vinteren ein gang.